Absolutt vene Marie

Absolutt vene Marie

Vel, eg er stranda her nede på stasjonen
Du veit nok korleis det er fatt
Eg berre sit her og dengjer laus på trombonen
Med alle dine løfte som fall flatt
Men Marie, sei, kor er du hen i natt?

Vel, eg venta på deg særdeles trufast
Ja, eg venta, sjølv om eg var sjuk og matt
Vel, eg venta på deg medan trafikken stod fast
Når det var ein annan stad eg kunne dratt
Så Marie, sei, kor er du hen i natt?

Vel, kven som helst kan vere nett som meg, tydelegvis
Men berre ytst få kan vere heilt som deg, takk og pris

Eit seksspann hestar som du lova særleg
Vart omsider levert til soningsanstalten si vakt
Når du er lovlaus, må du vere ærleg
Eg veit du alltid seier det er så godt sagt
Men Marie, sei, kor er du hen i natt?

Det er ikkje på det reine
Korfor elvebåtkapteinen veit alt så vel
Når alle andre må snu, jamvel du
Og berre vente eit bel

Vel, eg har feber langt inne i skåpet
Ein baltisk fyllik, han kjem stadig att
Ja, eg kan vise han kor du bur, men eg kan kje opne
Du ser, du gløymde gje meg nøkkelknippet, radt
Å, Marie, sei, kor er du hen i natt?

Eg sat i fengsel i stor trengsel då all posten prova
At ein mann må vakte adressa si som ein skatt
Og no står eg her og ser på dei gule togspora
I ruinane der balkongen din nett datt
Og undrast kor du er hen no i natt

Specifications

Leave a comment

You are commenting as guest. Optional login below.

  • 105,000+ cover versions
  • 800+ Cover Albums
  • Album Cover Covers
  • Draw Conclusions on the Wall
  • Magazine Covers
  • Mmmm... I love that Country Pie
  • Translations
  • Participate
  • Tribute bands
  • Tattoo Bob
  • All the latest news and additions
  • Subscribe to our Newsletter
  • Watch Video's
  • Milton Glaser Revisited
Auto repair Atlanta